Fekk du med deg supermåneformørkinga?

Formørkelse av supermånen sett fra Haugesund mandag morgen.

Formørkelse av supermånen sett fra Haugesund mandag morgen. Foto:

Måneformørkinga kom til syne i all sin prakt over Vestlandet måndag morgon, men på Austlandet gjorde skyer den umogleg å sjå.

DEL

Verda over var fotografar ute for å ta bilde av det sjeldne fenomenet, som berre har skjedd åtte gonger sidan 1900.

Når jorda legg seg mellom jorda og sola og dei tre ligg heilt på linje, oppstår fenomenet måneformørking.

Denne gonger er det i tillegg supermåne, det vil seie at månen verkar litt større og lysare, fordi han er på sitt næraste jorda i bana si gjennom verdsrommet. Kombinasjonen av desse to utgjer ei såkalla supermåneformørking.

Heile formørkinga tok over tre timar og varte frå rundt klokka 4.30 måndag morgon i Noreg. Månen låg heilt i skuggen av jorda i om lag éin time.

Ein kunne sjå formørkinga frå heile kloden, der det ikkje var overskya, vel å merke.

Artikkeltags