Snøskred dekker heile vegbanen i Eidfjord

Laurdag gjekk eit større snøskred på Riksveg 7 i Eidfjord. Vegen er stengt, og vil ikkje bli opna laurdag.

DEL

Det blir gjort ei ny vurdering søndag morgon.

- Vegen er heilt sperra ved Kyskreda, melder 110-sentralen litt over halv eitt laurdag.

Riksveg 7 over Hardangervidda er også stengt, noko som vil seie at Eidfjord er isolert fram til søndag.

Politiet melder at dei i samråd med houvdredningssentralen avsluttar redningsaksjonen ti på halv to.

- Vi har vore i kontakt med personar som såg raset gå. Dei stadfestar at ingen personar eller køyretøy blei tatt av raset, skriv dei på Twitter.

Dei melder vidare at det er stor rasfare i området. Riksveg 7 er stengt frå Eidfjord til Brimnes.

- Vi har akuttberedskap i kommunen, elles avventer vi til i morgon tidleg når det kjem til opning av vegen, seier ordførar i Eidfjord kommune, Anders Vatle (Sp).

Dekker opninga

Ved rasoverbygget gjekk det laurdag eit større snøskred som dekker heile vegbanen.

Brannvesen og politi rykka ut til staden, i tillegg til entreprenør.

- Skredet har gått ved første snøoverbygg, ikkje så langt frå Eidfjord sentrum. Det er mellom Rossanes og Eidfjord, opplyser Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen til HF.

Raset har gått over overbygget, i tillegg til at det dekker opninga på Eidfjord-sida.

- Det er litt mengder snø som har kome ned ja, seier Drotningsvik.

Politiet melder på Twitter at skredet er ca. 10-15 meter breitt og ca. fem meter høgt.


- Dramatisk

Lars Sundøen, som er på besøk hos svigerforeldra sine som bur i Eidfjord sentrum, såg raset då det kom.

- Vi høyrde ein dundrande lyd, og så kom det ei sky med snø nedover fjellsida. Det opplevdest ganske dramatisk for meg som ikkje er herifrå, og eg håpar ingen blei skadd, seier han til HF.

Han seier dei har sett fleire mindre ras i fjellsida både i går og i dag tidleg.

Sjå video av skredet her (video: Bergljot Maria Veivåg Hauso)


Skredet er 10-15 meter breitt.

Skredet er 10-15 meter breitt. Foto:


HF oppdaterer saka.

Artikkeltags