(Ditt Hardanger): Det er denne veka klart for Røldalsspelet som går av stabelen laurdag og søndag. Det er Oddakonsertene som er arrangør og Gunn Gravdal Elton som står bak manus og musikk. I år får spelet form som ein konsert, men planen er at dette skal bli ei årleg hending i Røldal og at det neste år då blir eit fullt spel. På scenen får me sjå og høyra fleire kjende namn som Helene Bøksle, Leif Jone Ølberg, Tuva Lutro og ei rekke kjende musikarar saman med mange lokale solistar og songarar.
Det har vore stor interesse for billettar og dette blir ei førestilling for alle aldrar. For dei som endå ikkje har sikra seg billett, er det framleis nokre ledige til søndagsforestillinga.
Rigging og siste innspurt i førebuing er no godt i gong. Desse siste dagane blir intense for alle involverte, for å få alt på plass. Dette er noko me ikkje har gjort før i Røldal så me er veldig spente inn mot denne helga! Det går slag i slag no med rigging av scene og publikumsområde, øvingar og prøvar med kor og musikarar, lyd og lys. Me har funne ein fin plass ved vatnet, så alt ligg til rette for nokre fantastiske kveldar.
Vêrvarselet ser likevel noko blanda ut så det gjeld å kle seg godt! Med tanke på smittevern ønsker me og at folk er ute i god tid før førestilling.
Me gler oss til å vise fram dette saman med Oddakonsertene!