Snart kjem postbodet annankvar dag


Her ser du vikar Simen Røssland lempa pakkar inn i postbil på Husnes. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Her ser du vikar Simen Røssland lempa pakkar inn i postbil på Husnes. (Illustrasjonsbilde frå arkivet). Foto:

Fra 7. juli går Posten Norge over til å levera brevpost i postkassane til husstandar i Kvinnherad og Hardanger annankvar kvardag. Postbuda i Kvinnherad og Hardanger har god lokalkunnskap, har førebudd seg i lang tid og er klare for den nye kvardagen, melder Posten i ei pressemelding.

DEL

(Kvinnheringen) Brevvolumet er redusert med 70 prosent dei siste 20 åra, og er no nede på eit nivå kor dagens ordning med utlevering av brevpost kvar kvardag ikkje lenger er bærekraftig eller samfunnsøkonomisk lønsamt.

Med omlegging til annankvar kvardag vil dei aller fleste brev vera framme hos mottakar i løpet av to til tre dagar, som i dag, så dei færraste vil oppleva store endringar. Vi kan framleis senda brev fem dagar i veka.

Frå 7. juli vil husstandane i Kvinnherad og Hardanger få levert brevpost i postkassen måndag, onsdag og fredag i éi veke og tysdag og torsdag i neste veke. Brevpost vil framleis bli levert kvar dag til dei som har postboks.

På denne nettsida kan alle raskt sjekka kva dagar posten vil bli levert i sin postkasse. https://www.posten.no/levering-av-post-2020

1000 stader får pakkeboksar

Digitaliseringa endrar måten vi kommuniserer på, og kva tenester vi nyttar. Posten har som ein konsekvens av dette utvikla ei rekkje nye tenester for levering av post og pakkar som skal gjera kvardagen enklare. Nye tenester er elektronisk distribusjon av brev via Digipost, levering av pakkar i postkassen, fast leveringsstad som kunden bestemmer, og levering innanfor døra. Kundane kan også senda brev og pakkar frå sin postkasse. Som ein følgje av auka netthandel opplever Posten ein kraftig auke i pakkevolumet, og som eit svar på dette har ein beslutta å utplassera pakkeboksar på 1000 stader rundt i Norge. Utplasseringa vil skje det kommande året. Kundane kan bruka pakkeboksane heile døgnet, og pakkane blir henta ut ved bruk av ein eigen app.

Posten skal framleis fram

Ingen blir oppsagde

Det var opprinneleg berena at 1500 årsverk ville bli overflødige ved omlegginga. Sidan blei dette talet redusert til rundt 1000, blant anna fordi Posten vann anbudet om avislevering. Gjennom godt samarbeid med tillitsvalde er det funne løysingar for alle, slik at ingen blir oppsagde. 35 prosent fått anna arbeid i Posten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken