Gå til sidens hovedinnhold

Smitten spreier seg internt i Ullensvang: – Har potensial til å bli eit større utbrot

Seks nye personar har fått påvist koronasmitte etter hurtigtesting søndag. Det går smittevegar inn til fleire skular, barnehagar og vaksenopplæring. Om lag 70 er sett i karantene og svært mange i ventekarantene.

Totalt har ni personar fått påvist korona sidan fredag. Om lag 70 personar er i karantene i kommunen.

Fire vaksne har fått påvist covid-19 ved PCR-testar. I tillegg har fem testa positivt ved hurtigtest, fire born og ein vaksen.

Personane som har testa positivt søndag er nærkontaktar av dei som fekk påvist smitte på fredag.

Kriseleiinga i kommunen har hatt to møte i løpet av dagen. Parallelt er det fullt trykk på den omfattande smittesporinga.

– Vi har eit utbrot i kommunen, det største så langt under pandemien. Smitten som er i kommunen no, har potensial til å gi eit større utbrot, uttalar ordførar Roald Aga Haug til Hardanger Folkeblad.

Han seier erfaring frå andre stader viser at du kan få stor spreiing dersom smitten når skular og barnehagar.

Ordføraren har ikkje fullstendig oversikt over kor mange som er i ventekarantene. Men han kan opplysa om at dei involverte skulane og barnehagane er følgande:

  • Hestavoll barnehage i Odda er stengd. Born og tilsette er nærkontaktar og i karantene. Husstandane til tilsette og born er i ventekarantene.
  • Odda barneskole: 4., 5. og 6. trinn er sett i ventekarantene. 30 tilsette i ventekarantene.
  • Jondal skule og SFO: Tilsette og born i ventekarantene. 28 elevar og 11 tilsette ved 3. og 4. trinn. SFO er open.
  • Jondal barnehage: To avdelingar ved barnehagen er stengde. 39 er i ventekarantene
  • Vaksenopplæringa i Odda og Kinsarvik: Ti tilsette og 28 elevar. I tillegg kjøper ein skuleplass i Norheimsund- og denne tenesta er varsla.
  • Verksemd for inkludering: Tre tilsette er i ventekarantene.

Ifølge ordføraren er utgangspunktet for smitten Haugalandet og smitte frå ein vaksen person, men i kommunen er no altså fleire skular og barnehagar påverka.

– No er det viktig at dei som er sett i karantene og ventekarantene held karanteneplikta, er den klare meldinga frå Aga Haug.

I pressemeldinga som vart send ut frå kommunen søndag kveld kjem det òg sterke oppmodingar:

  • Kommunen vil åtvara sterkt mot sosiale samankomstar. Situasjonen er alvorleg og kommunen kan raskt få eit stort smitteutbrot.
  • No er det særs viktig at innbyggarar og besøkande held seg til dei strenge smittevernråda.
  • Vi minner om påbod om munnbind i butikkar, bensinstasjonar og det offentlege rom når ein ikkje kan halda to meter avstand.

Les også

Smeltehuset måtte stenga på timen: – Ein av våre tilsette har covid-19

Kommentarer til denne saken