Skal fiksa på cyanamidsilo

Råcyanamidsiloen: Skal pussast opp.

Råcyanamidsiloen: Skal pussast opp. Foto:

Fylkeskommunen gir dispensasjon til å gjere vedlikehald på bygget på Smelteverkstomta.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Smelteverkstomta Næringsutvikling har søkt om dispensasjon etter kulturminnelova for å setta i stand tak og vestfasaden på råcyanamidsiloen på Smelteverkstomta, som har status som kulturminne.

Det har dei no fått. På taket skal eksisterande takpapp bytast med ny av same type. Skader på vestfasaden skal reparerast, og det skal leggjast på ny puss. I forkant av dette må ein reingjera og reparera delar av bygget. Det skal også hoggast vekk ein attståande bygningsrest frå det tidlegare nabobygget.

Fylkeskommunen vurderer at bygget har trong for vedlikehald av overflater, og reparasjon eller utskifting av skadde delar. Det har vore synfaring på staden, og dialog med dagleg leiar i Smelteverkstomta Næringsutvikling AS, Karstein Bremnes.

Artikkeltags