Grafittibygget som har vore eit landemerke i Odda, er no i ferd med å gå ned. Torsdag starta første del av rivninga. Bygget har sidan 1985 vore på frontsida dekorert med eit stort måleri av oddakunstnaren Alf Jan Bauge. På austsida fekk ungdomsskuleelevar mala grafitti under den store ungdomsveka "HOLIVÅL" sommaren 1985.

Det er SNU som står for rivinga. Dei har fått innvilga dispensasjon frå det mellombelse bygge- og deleforbodet frå fylkeskonservatoren i utviklingskomiteen 5. desember 2007.

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd har altså ikkje fredningsutkastet til smelteverkstomta sett verdien av å ta vare på dette bygget.