Slik blir korona-tiltaka i ullensvang kommune

Barn av kritisk personell får barnehageplass, skule og omsorgstilbod. Borna møter i dei barnehagane og skulane dei høyrer til.

Barn av kritisk personell får barnehageplass, skule og omsorgstilbod. Borna møter i dei barnehagane og skulane dei høyrer til. Foto:

Etter statsministeren sin pressekonferanse der det blei varsla strenge korona-tiltak over heile landet, har Ullensvang kommune sendt ut ei pressemelding for å forklare korleis tiltaka vil sjå ut i Ullensvang.

DEL

— Vi skal no gjera vår dugnad. Vi skal gjera alt som står i vår makt for å hindra smitte. Tiltaka er omfattande og får store konsekvensar for folk flest, skriv ordførar Roald Aga Haug i pressemeldinga frå Ullensvang kommune.

Alle skular og barnehagar skal stengast frå fredag 13. mars. Vi skal gjera det mogleg for personar som oppfyller samfunnskritiske roller, blant anna personell i helsevesenet og brannvesenet, å reise på jobb ved å tilby barnepass.

Alle bibliotek, symjebasseng, skianlegg og idrettsanlegg er stengt. Vi oppmodar næringsliv og organisasjonar om å ta ansvar jamfør dei nasjonale og lokale føringane.

— Vi har alle eit personleg ansvar. God oppfølging frå den einskilde gjer det lettare for oss å testa dei som trur dei er smitta, behandla dei som er smitta og beskytta dei mest sårbare menneska i samfunnet, skriv Aga Haug.

Vår oppmoding er: Avgrens reising, sammankomster og møter til det som er helt naudsynt. Vi ber om at innbyggarane ikkje samlast. Born, unge, og vaksne vert bedne om å halda seg mest mogleg heima. Vi ber fol ‘k frå andre kommunar må ikkje nytta hyttene sine i Ullensvang kommune, for å redusera reiseverksemd og belastning på lokal helseteneste.

Ta vare på kvarandre ved å minska smittefaren.

Vi gjennomfører no drastiske tiltak i håp om å stansa viruset, i tråd med dei nasjonale føringane. Koronaviruset spreier frykt i befolkninga. Mange kan bli smitta i dagane som kjem. Vi set i verk desse tiltaka for å førebyggja og redusera smittefare. Viruset smittar når folk samlast og er tett på kvarandre.

Alle innbyggarane må difor delta i ein dugnad for å beskytta sårbare grupper.

Vi må hjelpa kvarandre som best vi kan. Vi har ikkje påvist smitte hjå oss så langt. Men vil få det. Effekten av tiltaka våre har betydning for kor mange som vert smitta. Tiltaka vil førebygga smitte, sjukdom og død.

Barn av kritisk personell får barnehageplass, skule og omsorgstilbod. Borna møter i dei barnehagane og skulane dei høyrer til.

Kritisk personell er av nasjonale mynde definert til:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka

Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan varetakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt.

Daglegvarehandelen vil vera open som før. Det er ikkje naudsynt å hamstra mat.

Artikkeltags