Gå til sidens hovedinnhold

Slår gode slag for volleyball

28. februar 2020, kl. 12:02

I fleire år har ein gjeng møtst kvar veke på Hauso for å spela volleyball. No er og ei gruppe for dei på 5. — 7. steget i gang, og ei gruppe for jenter på ungdomssteget. Kjekt å røra på seg, kjekt å spela på lag. Og kjekt når interessa ser ut til å vera aukande. Rett nok er «gymsalen» temmeleg sliten, men det set ikkje stopp for gleda over spel og fellesskap. Her kjem dei både innante- og utante ifrå. Vaksengjengen tel om lag tjue, og alle gruppene har opne armar for nye spelarar.