Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Sidan 2019 har Hardangerlift jobba for realiseringa av ein gondolbane frå Odda sentrum til Rossnes 1410 moh. Gondolbanen er tenkt som ein kjempeattraksjon og skal frakte tusenvis av turistar rett inn i fjellheimen.
Naturvernforbundet Hardanger meiner planane vil føra til ein stor trafikkauke i eit område som er svært viktig for villreinstamma.
Villreinen på Vidda er under press. Alle dei 20 villreinområda i landet vårt er under press. Dette vart dokumentert i 2022 i arbeidet med «Kvalitetsnormen for villrein» Mange tiår med auka menneskeleg aktivitet har gjort dei naturlege leveområda til reinen mindre, Sommar- og vinter beitet vert meir oppstykka gjennom hyttebygging, inngrep og trafikk. Dette slit på villreinstamma og syner igjen i dårleg helse. Skrantesjuke og fotròte er berre to symptom på ein dalande helsetilstand. Villreinen som Norge har eit internasjonalt ansvar å ta vare på, kom på «raudlista» i 2022.
Næringsutvikling kan rasere natur. Gondolbanen skal vere ein dynamo i næringsutviklinga for Ullensvang. Naturvernforbundet Hardanger er for næringsutvikling, men konsekvent mot store inngrep i villreinområde eller i randsona til nasjonalparken. Gondolbanen vil opna for meir trafikk, meir støy og fleire negative verknadar for villreinen.
Konsekvensutgreiinga for gondolbanen viser dei klare negative naturkonsekvensane av utbygginga.
Statsforvaltaren er skeptisk til Hardanger lift. Rein- og viltforvaltninga er negative. Forum for natur og friluftsliv i Hordaland er mot planane.
Villreinen er på raudlista og nye tilfelle av skrantesjuke gjer framtidsutsiktene særs usikre. Naturvernforbundet meiner dette er den verst tenkjelege tid å starte nye prosjekt som ytterlegare vil presse bestanden.
Slå ring om reinen og dropp gondolbanen!