Vidaregåande elevar skal få mat på skulen

Arkivfoto: frå opninga av skuleåret på Odda VGS 2018.  Foto: Sondre Lingås Haukedal

Arkivfoto: frå opninga av skuleåret på Odda VGS 2018. Foto: Sondre Lingås Haukedal

Av

Elevar på vidaregåande skular i Hordaland skal framleis få skulefrukost. I tillegg blir ordninga frå neste år utvida til Sogn og Fjordane.

DEL

Det er klart etter at finansutvalet i Vestland har lagt fram tilrådinga til budsjett for Vestland fylkeskommune for neste år. Til saman er det sett av 10 millionar kroner til å gje elevane ein god start på dagen, fortel fylkeskommunen på eigne nettsider.

Fylkespolitikarane har også sett av 6,5 millionar kroner til å vidareføra tiltaket med skulepsykologar, heiter det.

Dei seks partia som har blitt samde om det nye fylkesbudsjettet er Ap, Sp, KrF, V, SV og MDG. Saman har dei fleirtal i fylkestinget.

Fylkesutvalet i Vestland skal behandla innstillinga tysdag 3. desember, medan budsjettet skal endeleg vedtakast av fylkestinget 17. og 18. desember.

Artikkeltags