Gå til sidens hovedinnhold

Skular i Ullensvang kommune: Solidaritet - splitt og hersk - politikarforakt - faktiske eller alternative fakta

Kva vert det neste: Dei som bur i Tyssedal og Skare og kanskje Lofthus, kjem til å leve i usikkerheit.

For abonnentar

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Informasjonen som har gått ut til politikarane frå «Aga-gjengen» både via sosiale media og i HF har til dels vore tvilsame og sterkt misvisande. Bevisst misbruk av fakta, bevisst nedsnakking av Hauso skule, og framstilling av Aga alternativet som framtidsretta og samlande.

Dette er alternative fakta! Hauso skule må vedlikehaldast, på same måte som kommunen regelmessig må vedlikehalde alle skular i Ullensvang. Tilstanden til Hauso skule er nok betydeleg betre enn det som har vore framstilt i det siste, og truleg betre enn mange andre skular i kommunen.

Hauso skule har i dei siste åra fått nye vindauge, toalett, kledning, dører, renovert badebasseng, opprusta ventilasjonsanlegg mm. Fleire titals millionar er investert i Hauso skule – Bortkasta i ei tid me må spare og tenkje miljø?

Då heradet starta med å lage planar for ombygging av Hauso skule for minst 10 år sidan, skulle det ikkje vera avgrensingar, det skulle vere flott, «Den Gode Skule», som eit plaster på såret for at Vines og Vikebygd skule skulle leggast ned. I dagens situasjon bør ein få fram kva som har vore gjort så langt og revurdere kva som bør gjerast vidare på Hauso no, og kutte ut det som ikkje er naudsynt.

Ein må tilpasse investeringane til den økonomiske situasjonen som kommunen er i. Ei nøktern ombygging av skulen kan gje 3 nye klasserom, nytt kjøkken, dekke vestsida sitt skulebehov og halvere investeringsbehovet. Igjen og igjen kan ein lese om asbestfaren på Hauso. Det har blitt teke ei rekke prøvar/testar dei siste åra, og kvar gong har det synt seg at Hauso skule ikkje har asbest i lufta og er trygg for både elevar og lærarar. Om det likevel er ynskjeleg, er prisen på fjerning av asbest på Hauso kr 900.000! Det hadde vore interessant å ta ein gjennomgang av alle kommunale bygg for å kartleggja behovet for fjerning av asbest. Truleg kan det bli nokre overraskingar her! I budsjettet frå rådmannen kostar ombygging av Hauso skule 60 millionar, inklusiv støtte til ny hall til 13 millionar, ombygging av klasserom til 17 millionar og 4 millionar til uteareal.

I de 60 millionar ligg det fyrst 22 % til prosjektering og i neste omgang 25% til reservar og marginar. Tar ein vekk støtte til ny hall og kostnader med utearealet (er ferdig) blir prisen inkl. prosjektering og tryggleik 35 millionar. Seinast for eit par dagar sidan sto det i eit innlegg i HF om den store usikkerheita med ombygging av Hauso skule. Ingen prosjekt i kommunen har vorte dobbeltsjekka og kvalitetssikra så mange gonger som Hauso prosjektet!

Om Vikebygd ikkje vert lagt ned, kan kostnader med ombygging av Hauso skule verte enda meir redusert. Ein kan sette Hauso skule opp mot Aga alternativet:

• På Hauso har vi eit badebasseng som skulen bruker flittig til symjeopplæring for 1.-10. klasse kvar einaste veke og som også vert brukt mange kveldar kvar veke til helsebading, familiebading og andre badeaktivitetar. Dette har vore og er til stor glede for innbyggjarane på heile vestsida. På mange av desse kveldane er det fullt i bassenget.

• På Hauso ligg det framme nye, nøkterne, konkrete planar om ombygging av Samfunnshuset slik at skulen får ein gymsal av godkjent storleik. Det er bygda som tek kostnadane med dette, også eventuelle kostnadsoverskridingar.

• Utearealet på Hauso skule er allereie oppgradert og i svært god stand! (4 mill. spart) • Mykje ved skulen kan gjennom vedlikehaldsbudsjettet oppgraderast til den standard som er ynskjeleg.

• På Aga vert det truleg ikkje basseng, og elevane må reise til Odda for symjeopplæring. Elevane frå Vineskrinsen blir endå meir belasta med fleire mil i reise (elevar frå Alvsaker og Vetlås får ein reiseveg t/r på 126 km dei dagar dei har bading!!). Kva med helsebading, kva med familiebading og andre badeaktivitetar? Kva med elevane som vil måtta bruka store delar av dagen til reisetid for 1 skule time bading? Kva går dette ut over, lengre skuledagar eller redusert undervisning i andre fag?

• På Aga vert det eit nytt skulebygg som er tenkt plassert i eit skredfarleg området (ref. NVE kart), og det må sikring til for å få dette godkjent. Ingen veit kva dette vil koste. • På Aga er det planlagt ein ny handballhall, som sikkert kan verte flott. Men realitetane er at befolkningsgrunnlaget er for lite til å kunne forsvare ei slik investering og fylgjande leigekostnader for kommunen på 1,5 millionar årleg. I dag køyrer mange foreldre på Vestsida barna sine til Odda på fotballtrening. Det er for få barn på Vestsida til å kunne lage aldersbestemte lag, og dette endrar seg ikkje om ein byggjer hallen på Aga! Hallen er planlagt bygd i privat regi, og kommunen må leige han og dekke det meste av alle utgifter med både drift og kapitalkostnader. Er initiativtakarane og styret for hallprosjektet villige til å garantere personleg for eventuelle kostnadsoverskridingar her, eller blir det kommunen som må ta dette også?

• Fyrst når Aga skulen er detaljplanlagt, kan ein setje skulen ut på anbod og så få ein endeleg pris. Dei fleste slike prosjekt kostar alltid mykje meir enn forventa. Konklusjonen min er at usikkerheita ligg ved Aga prosjektet og ikkje Hauso. Om Aga alternativet vert realisert, vil gode tilbod på Vestsida verte dårlegare eller forsvinne. Det gjeld for alle oss som no har eit godt tilbod med helsebading, familiebading etc.

Det gjeld for skuleelevar som vil måtta bruke endå meir tid på reise. Det gjeld alle som mistar nærskulen som samlingsstad Splitt og hersk taktikk: Når kommunen no også «truar» med nedlegging av både skulen i Skare og i Tyssedal, og nedlegging/ redusering av/ved dei fleste pleieheimane, oppnår ein at solidariteten og samhaldet som er så viktig for bygdene våre, forsvinn.

Dei aller fleste vil kjempe for det som er dei nærast, og det er då lett for at det kan verte splitt.

Politikarforakt eller tillit: Avtalane som gjorde at mange stemte for samanslåing av Ullensvang, Odda og Jondal er gløymt, og det tok ikkje mange månader. Mange av oss vil nok vidare framover dessverre ikkje tore å stole på avtalar som politikarane inngår.

Kva vert det neste: Dei som bur i Tyssedal og Skare og kanskje Lofthus, kjem til å leve i usikkerheit. Ved neste budsjett kan nedlegging av skular kome opp på nytt. Kor mykje visste rådmannen eller ordførar om den økonomiske stoda i kommunen under sammenslåingsprosessen? Kor mykje visste ordførar då saka om skule på Hauso eller Aga var oppe i kommunestyret om at det var heilt urealistisk å vedta dette utan at det ville resultere i nedskjering i helse og omsorg, og innføring av eigedomsskatt?

Er det viktigare å pålegge alle i kommunen eigedomsskatt enn å stoppe bygging av ein skule me ikkje treng? Det mykje omtalte TEK 17 regulativ som vil fordyre ombygging av Hauso skule med 9 millionar er ikkje påkravd! TEK17 gjeld for nye bygg og det er ikkje krav om dette på eksisterande bygg Få eller ingen av dagens kommunale bygningar som er eldre enn 10 år, også skular og barnehagar, tilfredsstiller krava til TEK 17. Det verkar som om mange har problem med å kunne rekne; kostnader med Hauso skule og Aga alternativet er ikkje tilnærma likt. Om ein gjennomfører alt som var planlagt på Hauso, kostar det maks 60 millionar!

Aga er budsjettert av rådmannen til 132 millionar. Berre kapitalkostnadene til Agaprosjektet vil årleg bli ca. 7 millionar. I tillegg må kommunen forskottera tippemidlar på 11 millionar i mange år. 132 millionar – 60 millionar = 72 millionar i differanse. Ved å reduser omfang av ombygging på Hauso vil differensen auke til nærare 100 millionar eller meir.

Dette er før Agaprosjektet er ferdig prosjektert og sett på anbod og før ein veit kva skredsikringa på Aga vil kosta. Konklusjon: Vend i tide- det er inga skam å snu. Stopp planane om å bygge skule på Aga – sats på ein desentralisert kommune!

Kommentarer til denne saken