Villreinen på Hardangervidda kjem dårleg ut i kvalitetsnorma for villrein, som vart lagt fram i slutten av april. No kjem Miljødirektoratet med plan for oppfølging av kvalitetsnorma, og vil laga tiltaksplanar.

«I første runde prioriteres arbeidet med tiltaksplanar for de seks områdene som fikk dårlig kvalitet i klassifiseringen; Setesdal Ryfylke, Hardangervidda, Nordfjella, Rondane, Snøhetta og Knutshø. Samtidig er det også viktig å rette fokus mot de områdene som oppnådde middels kvalitet», heiter det i brevet som Miljødirektoratet sende ut 2. november.

Dei ser for seg at den hovudansvarlege statsforvalteren for det aktuelle villreinområdet skal leia arbeidet med tiltaksplanen der. Norsk villreinsenter skal i samråd med leiar vera sekretariat for dei ulike planprosessane, fordelt på Norsk villreinsenter Sør for dei tre sørlegaste planane og Norsk villreinsenter Nord for dei nordligaste.

Skrantesjuka

«I Nordfjella og på Hardangervidda vil situasjonen med skrantesjuke legge premissene for bestandsforvaltningen i lang tid framover, men dette er ikke til hinder for at det kan og bør arbeides med andre kvalitetsfremmende tiltak», heiter det i brevet.

Miljødirektoratet meiner at medverking frå ulike sektorar, forvaltningsnivå og organisasjonar vil vera sentralt i arbeidet. Departementet har lagt opp til at arbeidet med tiltaksplanar skal gå føre seg integrert med utviklinga av ei stortingsmelding, og ein vektlegg difor god framdrift i arbeidet.

Etter planen skulle Mattilsynet og Miljødirektoratet levera si anbefaling om vegen vidare i handsaminga av skrantesjuke på Hardangervidda til departementa den 1. november. 3. november er anbefalinga ikkje lagt fram, og dei har heller ikkje sett nokon ny dato.