(Firda)

Skattepengane kan komme tidlegare, nygifte får betre nytte av skattefordelar og veteranbilar blir billegare. Men moglege rentehopp kan krympe lommeboka.

Dette er konsekvensane av nokre av nyheitene som kom fram i revidert nasjonalbudsjett.

– Frå ein forbrukarståstad er det ikkje dei største endringane i dette budsjettet, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea til NTB.

Varslar endringar i skattereglar

Ho trekker likevel fram to punkt som folk kan merke direkte:

* Skattepengane vil komme tidlegare. No leverer ein skattemeldinga i april, og får pengar ein eventuelt har til gode på skatten utbetalt i juni. Men neste år kan dette bli utbetalt allereie to veker etter at ein leverer skattemeldinga, varslar regjeringa.

* Regjeringa varslar endringar i skattereglane for ektefellar. Tidlegare har folk som giftar seg etter 31. oktober, ikkje kunne dra nytte av skattefordelane ved ekteskapet ved neste skatteår. I staden har dei vore nøydde til å vente til året etter dette igjen.

– No foreslår regjeringa at alle som giftar seg fram til 31. desember, skal skattleggjast som ektefellar det det komande året, forklarer Incedursun.

Bompengekutt

Nokre har meir grunn til å juble over revidert nasjonalbudsjett enn andre.

Dette gjeld mellom anna dei som jamleg køyrer gjennom bomstasjonane ved Halsnøysambandet i Hordaland, Tverlandet-Godøystraumen i Nordland eller Listerpakken i Vest-Agder.

Som varsla har nemleg Frp fått gjennomslag til å setje av 200 millionar kroner for å stenge ned desse bomstasjonane tidlegare enn planlagt.

Mogleg rentehopp

Bur du i resten av landet, er det ikkje mange fleire endringar som går direkte inn i privatøkonomien til folk flest.

Indirekte vil likevel oljepengebruket til regjeringa kunne få noko å seie for alle som har bustadlån. Regjeringa legg nemleg opp til å bruke 238 milliardar kroner av oljefondet i år – 7 milliardar meir enn planlagt, noko mange fryktar kan føre til rentehopp.

– Det er renteeffekten som verkeleg kan bli påviseleg for mange. Å trakke hardare på gassen når farten i økonomien allereie er god, kan føre til raskare og kraftigare renteoppgang. Det er noko alle med bustadlån vil merke, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1 til NTB.

Fleire endringar:

Nokre andre endringar kan vere til nytte for enkelte:

* Billegare sider. Dagens ordning med redusert alkoholavgift for små bryggeri blir utvida til å omfatte sider og liknande alkoholvarer.

* Billegare e-bøker. Meirverdiavgifta på 25 prosent på e-bøker og strøymetenester med e-bøker blir fjerna.

* Planlegg du å kjøpe motorsykkel i utlandet, kan dette bli billegare. Eingongsavgifta for motorsyklar blir nemleg redusert med 10 prosent i gjennomsnitt frå 1. juli. Endringa er berekna å gi 25 millionar mindre i inntekter til staten årleg.

* Planlegg du å kjøpe veteranbil i utlandet, kan dette bli billegare. Eingongsavgifta på bilar eldre enn 20 år blir nemleg fjerna frå 1. juli.

* Unge i Arendal og Vadsø kan få subsidierte fritidsaktivitetar. Regjeringa har nemleg sett av 10 millionar kroner til eit pilotprosjekt for eit fritidskort i dei to kommunane. På sikt kan ordninga bli nasjonal.