Skatteoppgjeret for 2018 gav 600 milliardar kroner i skatteinntekter

Illustrasjonsfoto.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK Foto:

Av

Lønnstakarar, pensjonistar, personleg næringsdrivande og selskap betalte 600 milliardar kroner i skattar og avgifter i skatteoppgjeret for 2018.

DEL

Det samla skatteoppgjeret for fjoråret viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 514 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. Samtidig har 332.000 selskap betalte 85 milliardar kroner, viser tal frå Skatteetaten.

Skatteoppgjeret omfattar 4,9 millionar personar og 332.000 selskap. Skattelistene blir tilgjengelege 5. november.

3,2 millionar lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande fekk betalt tilbake til saman 40 milliardar kroner, medan 800.000 betalte restskatt på til saman 25 milliardar kroner. For dei som fekk skatt til gode, var snittbeløpet 12.800 kroner. Snittbeløpet for dei som fekk restskatt, var 32.000 kroner.

– Dei fleste treffer godt med å betale riktig skatt gjennom heile året. Har du fått restskatt eller skatt til gode, kjem av det at dei økonomiske forholda dine vart annleis enn grunnlaget for det berekna skattetrekket ditt. Du kan unngå dette ved å justere opplysningar i skattekortet gjennom året, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Artikkeltags