Vêrlamkåring under Skalltaket

HEIM FRÅ FJELLET:  Sekse-sauer på veg heim frå fjellbeite. Dei beste verlamma møter under Skaltaket i Odda i morgon for å verta vurderte av strenge dommarar.Privat foto

HEIM FRÅ FJELLET: Sekse-sauer på veg heim frå fjellbeite. Dei beste verlamma møter under Skaltaket i Odda i morgon for å verta vurderte av strenge dommarar.Privat foto

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I morgon, laurdag, er det atter samling av sauefolk og andre interesserte under Skalltaket i Odda.

Som i fjor passar ordspelet «By og land, hand i hand» som motto for årets vêrlamkåring.

Rundt hundre lam vart kåra i fjor, og leiar i Indre Hardanger Sau og Geit, Johannes H. Sekse reknar med at det vil stilla om lag like mange i år. Med eit kjempegodt fjellbeite, er lamma større i år enn i fjor.

– Sidan me også i år har vore så heldige å få halda kåringa på ein laurdag, reknar me med at folk kan kombinera ein handletur til Odda med ein svipptur innom Skalltaket. Me har også i år litt samarbeid med Odda By, seier Sekse.

Sjølve kåringa og utstillingane føregår heile dagen. Skare bygdekvinnnelag og Odda bygdekvinnelag syter for sal av grillmat, annan mat og drikke. Det vert elles ein publikumskonkurranse med premie.

«Hardanger Eple» stiller med både eigne produkt og andre sine foredla frukt- og bærprodukt frå Fjorden.

Innslaget med damene som demonstrerte karding og spinning, var svært populært. Dei stiller opp i år og. I tillegg kjem Skare 4h som vil selja bakst, spidda pinnebrød, arrangera konkurranse i spikring, og natursti.

– Det har også vore både imponerande og populært å sjå demonstrasjon av gjetarhund. Det vonar me å få til også i år, seier Sekse, som ynskjer både byfolk og fjordingar hjarteleg velkomne.

Artikkeltags