Gå til sidens hovedinnhold

– Skål for ein latterleg fin laurdag

Det sa vokalisten i Forening for by og bygd, Jens Kihl til publikum hjå Lofthus Ekspedisjon. I dag viste Hardanger og Lofthus seg frå sitt beste. Sola titta fram, vinden strauk deg gjennom håret, Ekspedisjonen selde forfriskingar, og Forening for by og bygd gav dei fleste ein kjensle av skikkeleg festivalstemning. Akkurat slik ein noko annleis Morellfestival skal vere.