– Det er lov å tenna opp jonsokbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområde, vegetasjon og anna brennbart materiale, skriv Ullensvang kommune på si heimeside.
Jonsokbål i Ullensvang skal meldast til Ullensvang brann og redning på e-post brannvesen@ullensvang.kommune.no eller vakttelefon 975 58 613 i god tid på førehand.
Brannvesenet viser likevel til forskrift om brannførebygging § 3 og krav til aktsemd som gjeld alle til ein kvar tid, og ved brenning av jonsokbål.
Følg brannvesenet sine råd for forsvarleg bålbrenning:
- Du skal ha løyve frå grunneigar.
- I tørkeperiodar og ved sterk vind kan eit generelt forbod verta innført.
- Den ansvarslegen for bålet pliktar å undersøka dette før opptenning med brannvesenet på telefon: 975 58 613.
- Ikkje gjer opp eld på svaberg/bert fjell då dette gir varige skadar på berget.
- Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale gir frå seg giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrassar, gamle sofaer, bildekk etc.
- Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
- Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning.
- Er bålet høgt, bør opptenning skje på midten. Då unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
- Ansvarleg person skal sørga for at bålet er under kontroll.
- Sørg for at barn held god avstand til bålet. Klede av kunststoff er lett antennelige og kan smelta under sterk varme, naturstoff som bomull og ull er meir trygt.
- Ta omsyn til naboar. Røyken er irriterande på auge og luftvegar.
- Ansvarleg vaksenperson skal sørga for at bålet blir sløkt forsvarleg med tilstrekkeleg mengder vatn. Er det ikkje vatn på staden må dette takast med.