Du har nå sett SKAAR laga festivalstemning ved fjorden
SKAAR laga festivalstemning ved fjorden
Artikkelen er over 2 år gammel
Fredag kveld gjorde artisten SKAAR alt for å få fram den gode sommar- og festivalstemninga. Frå utescena framfor Lofthus Ekspedisjon trilla det ut godlyd. Mykje er nedpå, men ungjenta har òg låtar med meir fart i. Ho fekk hjelp av eit stort og smilande publikum, sommartemperatur og ein arrangør som kvikt bar fram på mat og forfriskningar. SKAAR er artistnamnet til Hilde Skaar frå Stord. Ho har fleire store radiohits og har hausta ei rekkje utmerkingar for popmusikken ho lagar. 23-åringen fortalde at ho kombinerte speleoppdraget med ein liten miniferie i Ullensvang. Med på tur var kjærasten, artisten dePresno. Undervegs i konserten vart bergensartisten invitert opp på scenen for ein duett.