Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye smitta i Ullensvang i dag

Det melder Ullensvang kommune på sine heimesider.

I tillegg til sju nye stadfesta smitta, er har det vore to positive hurtigtestar.

Det betyr at det per i dag er totalt 35 smitta i kommunen, og over 200 personari karantene.

Fem klassar ved Odda vidaregåande skule er ramma.

Ullensvang kommune fjernar karantenefritak for barn og unge under 18 år. Les meir om det her. Dette er ei lokal forskrift som trer i kraft no, og vil vare fram til søndag 5. september klokka 23:59.

Vidare opplyser kommunen at 13 prosent av dei smitta har fått éin eller to dosar vaksine.

Innbyggarar vert oppmoda til å nytte seg av heimekontor når det er mogleg, og søker òg etter fleire frivillige ved testing og til vaksinering.

Kommentarer til denne saken