Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye registrerte smittetilfelle måndag

Ullensvang kommune melder på sine heimesider at det er registrert sju nye personar med positiv koronatest måndag. Det betyr at det til saman no er 29 personar i isolasjon i kommunen.

– Alle har kjend smitteveg, står det i pressemeldinga.

Det vert vidare opplyst at Ullensvang ligg på landsgjennomsnittet for vaksinasjonsframdrift. 93 prosent av innbyggarane over 18 år har tatt første dose. 90 prosent over 18 år har tatt andre dose, og 41 prosent har takka ja til dose tre.

Neste drop-inn vaksinering i Tyssohallen er 20. januar frå klokka 11:00 til 14:00, og klokka 15:00 til 18:00.

– Alle er velkomne, om det så er første, andre eller tredje dose, skriv kommunen.

Elles vert det oppmoda om å halde fram med gode smittevernrutinar, og om å ta vaksinen.

– Svært mange vil få korona på eit tidspunkt. Så langt viser erfaringane at vaksinerte gjennomsnittleg vert klart mindre sjuke enn dei uvaksinerte.

Kommentarer til denne saken