Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye har testa positivt for korona

«Vi har fått stadfesta 7 nye smitta i kommunen (fleire hadde testa positivt på hurtigtest tidlegare). Det er både ungdom, unge vaksne og barn som er smitta», melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding tysdag kveld.

Vidare heiter det at smittevegen for ein person enno ikkje kjent. Det er per dags dato 55 bekrefta tilfelle totalt i dette utbrotet, og 233 nærkontaktar i Ullensvang kommune

Ullensvang kommune har difor innført lokal forskrift der karantenefritak for unge under 18 år er oppheva. Dette for å sikra test- og smittesporingskapasiteten, og bidra til å slå ned det lokale utbrotet.

På bakgrunn av dette kjem ordføraren med følgande oppmoding til innbyggjarane:

Alle som har symptom på forkjøling bør testa seg og halde seg heime inntil dei er friske. Merk: Det gjeld og for barn og unge under 18 år.

Har du tatt test og fått eit positivt svar har kommunen følgjande beskjed:

Isoler deg og vent på telefon frå kommunen som tar kontakt med deg

Gje beskjed til dei du bur i lag med og andre nære at dei må gå i karantene

Tenk gjennom og skriv opp dine nærkontaktar med namn og tlf. nr. og kor du har vore siste tida. Det gjeld 48 timar frå du merka dei første symptoma og til du har isolert deg.

Dersom du er utan symptom så er det frå den dagen du tok testen som var positiv.

Vi set pris på om du kan ringe til nærkontaktane dine sjølv og gje dei beskjed om å gå i karantene.

Har du fått beskjed om at du er nærkontakt, og ikkje er vaksinert, så må du i karantene og bestilla test.

Vær obs på symptom. Ta test dersom symptom oppstår.

Fullvaksinerte treng ikkje i karantene sjølv om dei er definert som nærkontakt. Får fullvaksinerte symptom så bør dei testa seg på lik linje med andre.

Dei som har fått ein vaksinedose og det er meir enn 3 veker sidan sleppe karantene dersom dei testar seg med PCR-test. Det må gjennomførast ein test i perioden mellom dag 3 og 7 etter siste kontakt med den smitta.

Har du fått ein dose, og det har gått mellom tre og 15 veker sidan du fekk dosen, kan du få unntak frå smittekarantene dersom du testar deg mellom døgn 3 og 7 etter nærkontakten med ein smitta. Du treng ikkje vera i karantene fram til du får testsvar.

Vi oppfordrar og om å laste ned appen Smittestopp.

Kommentarer til denne saken