Bokomtale:

Geir K. Hus:

Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen

Meir mat, natur og kultur mellom øst og vest

HUS BOK & AVIS

Dette er ein oppfølgar. Eit framhald på ei reise i landskapet mellom øst og vest og eit flott supplement til den føregåande boka om Haukelivegen. Hus har fokus på vegar som transportåre, men også på det me kan oppleva langs dei. Han har teke føre seg Haukelivegen, og nå dreg han omgrepet stikkvegar litt lenger for å gje lesarane tips til avstikkarar og omvegar.

Me reiser Riksveg 9 frå Haukeli gjennom Setesdal ned mot Sørlandet. Her er gode tips til dags-, helge- og ferieturar som kan gjerast så korte og lange som det passar.

Boka opnar med rundturen Røldal – Suldal – Sauda – Røldal. Der går turen i variert landskap og innom både kraftverk og vinbønder. Arkitektur er sentralt på ferda som går gjennom både mildt og vilt landskap. Både Røldal og Brattlandsdalen har fått velfortent merksemd.

Turen på Riksveg 9 frå Haukeli via Hovden til Flateland i Setesdal er og innhaldsrik. Det same er Suleskarvegen /fv. 450 frå Høydalsmo i Telemark til Ålgård, ein halv time sør for Stavanger.

Geir K. Hus tek oss med innom bakeri, fjellhallar, Nord-Europas største steinur, eit treetasjes loft i Setesdal, stavkyrkjer, opp ein via ferrata, til juv og museum. Han er innom små og store verksemder, alt frå gardsbakeri til pukk- og kraftverk. Me er til fjords og til fjells, i opne landskap og djupe, tronge dalar. Heile vegen er naturen og møte med menneske med som ein raud tråd langs vegen. Me får korte glimt inn i historia, anten det dreier seg om draktskikk, vegmerking, samferdsle, natur eller livsvilkår.

Forfattaren og fotografen byr på ein allsidig buffé der nokon kvar vil finne stoff av interesse. Boka kan seiast vera ein coffee table-bok, og er spekka med fotografi. Tekstane er korte og informative. Nett det du treng for inspirasjon og eventuell vidare lesing. Det skal mykje til å ikkje verta inspirert og interessert.

Er du i tvil om kor du skal legga ferda, kan det vera ein idé å sjekke dei to vegbøkene til Hus.

Les også

«Dette er en må ha-bok for alle som ferdes langs E 134, har gjort det - eller skal gjøre det»