Sjåfør tatt for ruskøyring midt på dagen

DEL

Ein bil vart stoppa i Tyssedal i går, måndag, rundt klokka 15.

- Føraren framsto som rusa. Han hadde ikkje gyldig førarkort, og han vart pågripen og blodprøve vart sikra, opplyser lensmann ved Hardanger lensmannskontor, Terje Kvalvik.

Det er oppretta sak på høvet.

Føraren var ein mann i midten av 30-åra.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken