Gå til sidens hovedinnhold

Sjåfør stakk av frå kontroll og førarkortet sitt

Tysdag gjennomførte Statens vegvesen trafikkontroll på Seljestad kontrollstasjon.

Der vart både tunge og lette køyretøy kontrollerte, og totalt var 44 tunge køyretøy over plassen. Fem tunge vart tatt ut for nærare kontroll, og sju lette.

Eitt vogntog mangla bombrikke, noko som betyr 8000 kroner i gebyr.

– I tillegg hadde føraren med kopi av vognkort, og attgløymd kompetansebevis for yrkestransport. Det vart 1500 kroner, opplyser vegvesenet.

I tillegg fekk eitt køyretøy kontrollsetel for tekniske manglar, og ein hengar til varebil fekk bruksforbod for manglande bremselys.

Vidare vart det utført skiltscanning under kontrollen, for å kontrollere kravsmål på køyretøy.

– Her vart tre køyretøy som hadde kravsmål stoppa. To av desse greidde å ordne opp på staden, og fekk køyre vidare. Den tredje stakk av frå kontrollplassen, før me fekk tatt inn skilta. Me står att med førarkortet til føraren, og han kan vente seg å verte meld til politiet, opplyser Statens vegvesen.

Kommentarer til denne saken