Sjå video frå bilkortesje - veteranfavoritt er kåra

Av

Responsen rundt bilkortesjen initiert av Borghild T. Vindenes Vik i Eidfjord vart stor.

DEL

15 veteranbilar og 59 bilar erstatta tradisjonelt 17. mai-tog i Eidfjord dette året.

Doningane køyrde i tur og orden frå cruisekaien og innover mot Simadal, mot Øvre Eidfjord før retur til Eidfjord via Lægreid og avslutta langs strikketrea, godt synleg frå Bygdaheimen.

- Det gjekk heilt utruleg bra. Mange stod langs ruta. Konseptet passar nok for ein del som gjerne ikkje hadde fått med seg eit tradisjonelt 17. mai-tog, seier Borghild V. Vik som sjølv filma kortesjen frå båt på fjorden.

Ho hadde i tillegg hjelp til filming via drone og frå Inger-Kristine Riber til å redigera saman opptaka.

I etterkant vart det arrangert avstemming på Facebook, der veteranbussen fremst i kortesjen vart kåra som favoritt.

Artikkeltags