Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde: Bli med inn i peparkakelandsbyen i Rosendal

Artikkelen er over 2 år gammel

I Folgefonnsenteret i Rosendal er peparkakelandsbyen blitt ein flott juleattraksjon med over 20 bidrag. Landsbyen opna samstundes med Jul i Rosendal. Mange lokale og særprega bygg er gjengitte som peparkakehus – både Fonnabu og baroniet er representerte. Landsbyen har eige tog, og Festidalen syt for scene. Både vaksne og ungar har brukt mange timar for å laga peparkakehus av mange slag, til glede for alle som vil sjå. Truleg blir dette ein tradisjon, opplyser Margit Lund-Mikkelson, rådgivar reiseliv i Kvinnherad kommune.

Du har nå sett Sjå bilde: Bli med inn i peparkakelandsbyen i Rosendal