Hardanger-sideren gjekk unna i Berlin

SIDERHOTELLET:  Bente Raaen Widding og Kjetil Widding frå Utne hotel satsar på sider både som aktivitet og som følgje til maten.

SIDERHOTELLET: Bente Raaen Widding og Kjetil Widding frå Utne hotel satsar på sider både som aktivitet og som følgje til maten. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

På Fjord Norge sin stand på Grüne Woche i Berlin tappa Alde Sider og Utne hotel sider til både landbruksministeren og eit begeistra publikum. No vil dei at folk skal forbinda Hardanger med sider.

DEL

– Champagne har champagne, Hardanger har sider eller Hardanger om du vil, seier Olav Bleie frå Alde sider som hausta mange lovord for sin gylne drikk.

Hardanger = sider

– Mitt hårete mål er at folk skal forbinda sider med Hardanger. På same måte som du tenkjer på raudvin når du høyrer namnet Bordeaux eller aller helst som Champagne-området som har gitt namnet til drikken frå området, held han fram.

Olav Bleie frå Alde sider snakkar varmt om Hardanger og sider ved eit kvart høve. Helst om begge to til same tid. Det gjorde han òg då han framsnakka sider på Regiondagen på den norske ambassaden i Berlin. Tilstades var fylkesmenn, politikarar, Innovasjon Noreg, bransjefolk og andre som er involvert i det å bygga Matnasjonen Noreg. Lokalmat og koblinga mellom mat og reiseliv er viktige faktorar i dette arbeidet.

Bleie fekk fortelja om historia til fruktdyrking i Hardanger og om eplesider. Og om korleis han har bygd opp verksemda si, om produksjonen, om sitt hårete mål og at han vil danna ei siderklynge i Hardanger.

– Eg legg mykje vekt på at sider er kultur i Hardanger og at den er viktig å ta vare på, seier Bleie som knapt kan venta til vårens fyrste sidersmaking.

Viser vegen til sider

Bente Raaen Widding og Kjetil Widding frå Utne hotel inviterte sist sesong gjestene sine på sidersmaking kvar kveld.

– Det vart mykje meir populært enn me trudde. Me vil no satsa enno meir på å verta sider-hotellet som viser gjestene våre vegen til alle dei gode smakane som Hardanger-sideren kan by på. Sidersmaking er ein aktivitet som viser noko av kulturen her, og gjestene vil vita meir, seier hotellvertinna.

– Til sesongstart lagar me no ein sider-brosjyre med oversikt over alle produsentane i Hardanger. Då kan dei ta turen forbi produsentar, stoppa, sjå, smaka og kjøpa med seg sider. Me trur dette kan verta ein fin måte å setja sider frå Hardanger på kartet, bokstaveleg tala.

Den flotte brosjyren presenterer elleve siderbedrifter som ein kan stoppa hos, smaka og kjøpe med sider heim. Her er det også eit enkelt kart som syner kvar dei ulike verksemdene held hus.

Meir norsk mat

Både hotelvertane frå Utne og siderprodusenten er godt nøgde med dagane i Berlin.

– Det er fyrste gong me er på Grüne Woche så me er litt overraska over kor stort det er.

– Det er alltid kjekt å treffa andre som driv med det same som oss og det er alltid noko nytt å læra. Det fantastiske kokkelaget har vist oss kor forbausande enkelt det kan gjerast når ein serverer fantastiske, norske råvarer og me kjem nok til å leggja endå meir vekt på dette framover. Me kjem også til å bruka meir norsk brennevin, seier hotellvertinna.

Fyrtårn i lokalmiljøa

– Alle som var med på Fjord Norge sin stand på Grüne Woche er interessante, ressurssterke gründarar som er fyrtårn i sine lokalmiljø. Ei veke med slike folk er heilt ubetaleleg og det vert både gode kontaktar og samarbeid av sånt. Til vanleg er me så travle med vårt eige at me ikkje har tid til å snakka med andre som driv for seg sjølve. I Berlin har me eit samarbeid som går ut på å selja kvarandre og Noreg og me er travle saman medan me vert kjende og utvekslar erfaringar, seier Olav Bleie nøgd.

– Det var kjekt å sjå at så mange tyskarar ville smaka på sideren, sjølv om dei fleste var skeptiske med det same. Det var mest unge folk som smakte, og dei likte han veldig godt. Det vil seia at dette kan verta veldig spennande om me treffer dei rette demografiane.

Artikkeltags