Vegtrafikksentralen melder på Twitter klokka 14:45 laurdag at Seljestadtunnelen på E134 er stengd på grunn av ein elbil som har gått tom for straum i tunnelen.

Bilbergar er på veg, og vil vere framme om lag klokka 15:20 opplyser VTS vidare på Twitter.

Om lag eitt kvarter etter at bilbergar var på staden, melde Vegtrafikksentralen at bilen var fjerna og tunnelen open att.