Slik kan det løysa seg med gateljos over Sekse: - Ei heilt ny løysing

Ullensvang herad og Mesta arbeider no for ei løysing med ledjos og solceller over Sekse. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Ullensvang herad og Mesta arbeider no for ei løysing med ledjos og solceller over Sekse. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 1 år gammel

Motstand mot luftspenn over Sekse i Ullensvang, fekk Ullensvang herad og Mesta til å tenkja nytt.

DEL

«Ei heilt ny løysing, dukka opp på eit møte mellom Ullensvang herad og grunneigarane på Sekse torsdag kveld».

 Det skriv Indre Austsida Grannalag fredag.

Dermed kan det sjå ut som det løyser seg for etterlengta gateljos over Sekse.

Hordaland fylkeskommune har løyvd 2 millionar kroner for å setja ljos på fylkesveg 101 over Sekse. Men då det viste seg å berre vera nok midlar til luftspenn og trestolpar, heva fleire grunneigarar sine kritiske røyster.

Les òg: Plan om gateljos i luftspenn på Sekse: - Luftstrekk er ikkje noko me vil ha i ein av dei vakraste bygdene i Ullensvang

Fornybar energi

Ifylgje redaktør for nettsida til Indre Austsida Grannalag, Johannes H. Sekse, dukka framtidsløysinga opp, utvikla av Mesta: Ledljos med straum frå solcellepanel.

Mesta har vunne anbodskonkurransen på arbeidet med gateljos over Sekse.

Torsdag kveld presenterte tenesteleiar for teknisk drift i Ullensvang herad, Marit Ystanes, det nye alternativet for grunneigarane. Med seg hadde Ystanes prosjektingeniør Margit Børve.

Det nye alternativet vil ifylgje Sekse i grannelaget krevja fleire stolpar, kring 100 til saman, men ein kan til dels bruka eksisterande stolpar.

Innsparing på drift

Den nye løysinga skal òg gje ei innsparing på 25 000 kroner årleg i redusert driftsutgifter.

Om kort tid vil eit par teststolpar koma opp, skriv Johannes H. Sekse.

Artikkeltags