Gå til sidens hovedinnhold

Seks nye positive prøvesvar torsdag

Det er avdekka seks nye smitta av covid-19 sidan i går.

Det opplyser ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, i ei pressemelding.

Det betyr at det er totalt stadfesta 21 smitta sidan utbrotet i helga.

Per i dag, torsdag 1. april, er det 18 personar i isolasjon, og 300 i karantene.

150 av desse er knytta til bussen mellom Kinsarvik og Odda, og om lag 50 til eit treningssenter.

– Alle busspassasjerane må vere i karantene fram til situasjonen er avklart, heiter det i pressemeldinga.

Av dei smitta er det fem barn under 18 år, og 13 vaksne.

Dei svara me har fått no var forventa, så det er ikkje ei veldig stor overrasking. Det er snakk om nærkontaktar som me hadde mistanke til. Det kjem òg inn mange negative svar, seier Aga Haug til HF.

Det dei er meir spent på er smitten som dei ikkje kjenner til.

– Forventar de at det kjem fleire positive prøvesvar i dagane som kjem?

– Ja, det må eg sei at me gjer. Og folk må òg hugse på at ein negativ test ikjke nødvendigvis er bevis på at ein ikkje er smitta, svarar ordføraren.

Han legg til at når det gjeld dei 150 som er i karantene som følge av bussen mellom Odda og Kinsarvik, må dei få avklara situasjonen før folk kan gå ut av karantena.

Les også

Tre nye stadfesta smitta i dag

Les også

Ny lokal forskrift vil vere gjeldande frå 18:00. Éin ny person har fått påvist smitte

Kommentarer til denne saken