Korte opningar på dagtid, men ope på kveldane, natta og morgonen ut veka

Trones: Slik såg det ut ved rasstaden måndag kveld.Foto: Tommy Tverdal

Trones: Slik såg det ut ved rasstaden måndag kveld.Foto: Tommy Tverdal

Artikkelen er over 1 år gammel

På Trones, der vegen i førre veke vart sperra av eit ras, vil sikringsarbeidet halde fram i dagane som kjem.

DEL

Etter å ha vore ope sidan i går kveld er fv. 550 mellom Utne og Grimo igjen stengt, utanom i korte periodar, på dagtid tysdag. Slik blir det fram til og med fredag.

– Det blir ope i korte periodar på dagtid. På kveldstid, om natta og tidleg på morgonen blir det ope. Det står framleis att ein del arbeid, men vi har kome såppas langt med sikringsarbeidet at det er trygt for passerande trafikk, seier byggeleiar Åsmund Sekse i Statens vegvesen.

Han har tidlegare sagt at det kan bli arbeid på staden og manuell dirigering i ein periode framover.

Samtidig med sikringsarbeidet har vegvesenet også starta arbeidet med å rydde i vegbana, men framleis står ein del att.

– Den vart knust av steinane og må byggast opp att. Vi har fått til ei mellombels løysing med massar frå området og oljegrus. Etter kvart skal vi gjere ein permanent reparasjon, seier Sekse.

Artikkeltags