Mange mørke tunnelar på hovudvegar

Alle nye tunnelar over hundre meter skal har lys, likevel er fleire tunnelar på Vestlandet mørklagde.

DEL

I 2004 blei det vedtatt at alle tunnelar over hundre meter skal ha lys. Ifølgje Statens vegvesen er det framleis tolv tunnelar på riks- og europavegane i Noreg som er meir enn hundre meter lange og ikkje har lys, fortel NRK.

Ein av tunnelane er Skarvabjørgtunnelen på riksveg 13.

– Kravet har ikkje tilbakeverkande kraft, og det er opp til regionen å bestemma om tunnelane skal ha lys, fortel sjefingeniør Arne Jørgensen i Statens vegvesen til kanalen.

Alle tunnelane utan lys er i Rogaland og Hordaland

Artikkeltags