Stoppar like mange norske som utanlandske vogntog: – Vi finn alltid noko vi kan setje fingeren på

Kontrollørane i Vegvesenet fann feil og manglar ved like mange norske som utanlandske vogntog i fjor.

Kontrollørane i Vegvesenet fann feil og manglar ved like mange norske som utanlandske vogntog i fjor. Foto:

Vegvesenet finn like ofte feil og manglar ved norske som ved utanlandske vogntog når dei er ute på kontroll. Men dei utanlandske står ofte for dei mest graverande feila.

DEL

Statens vegvesen Region vest kontrollerte i fjor 14.222 norske og 3.700 utanlandske tunge køyretøy. Blant dei norskregistrerte fann kontrollørane manglar ved 42 prosent av bilane. For dei utanlandske var prosentdelen 38.

– Vi finn alltid noko vi kan setje fingeren på. I ein kontroll er norske og utanlandske sjåførar på same nivå i dei fleste tilfella, men så har vi nokre verstingar som utmerkjer seg, seier direktør Arve Tjønn Rinde ved trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen til NRK.

– Utanlandske køyretøy har ofte større og meir graverande feil. Dette blir plukka opp av media og får meir merksemd, seier han.

    Tre vogntog ble stående fast på riksveg 13 opp mot Kløvet tirsdag kveld. Snø - og is i vegbanen gjorde det spesielt utfordrende å ta seg frem. Strekningen er ofte problematisk for større kjøretøy. Politiet var på stedet og dirigerte trafikken. Video: Inga Jaastad Øygard

    I kontrollane i fjor fekk 23,4 prosent av dei norske tungbilane bruksforbod, mot 22,7 prosent blant dei utanlandske. Vanlege grunnar til at Vegvesenet legg ned bruksforbod, er feil på bremser eller dårlege dekk.

    Regionleiar Jan-Ove Halsøy i Norges lastebileierforbund trur ikkje tala frå Vegvesenet viser heile sanninga og meiner ulykkesstatistikken taler for seg.

    – Utanlandske køyretøy er overrepresenterte i ulykkesstatistikken. Det er truleg ein kombinasjon av å vere dårleg skodd og sjåførar som er dårleg eigna til å køyre på norske vintervegar, seier Halsøy til NRK.

    Artikkeltags