– Blir det ytterlegare fare må me stenga

Opprydding etter ras på Byrkjenes.

Opprydding etter ras på Byrkjenes. Foto:

Geolog har inspisert både til fots og med dronar ved Teigen. På Byrkjenes avsluttar dei for veka.

DEL

Laurdag kveld vart Rv. 13 stengt grunna rasfare i Teigen. Tysdag vart det sett inn vaktmann, og onsdag var det geolog på staden som inspiserte både til fots og med dronar.

– Situasjonen er uendra, vi følger med på vêret heile tida, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Åsmund Andersen Sekse.

Blir det aukande nedbør, set dei inn vaktmann. Ved ytterlegare fare for ras blir vegen stengt.

– Slik det ser ut no, blir det ikkje stenging med det første. Me må berre følga med, seier Sekse.

Ut med entreprenør

På Byrkjenes, der det gjekk ras førre veke, avslutta oppryddingsarbeidet for veka torsdag ettermiddag.

– Då blir dei ferdige med det vi har planlagt så langt. Fredag skal eg ut med entreprenør på nytt for å sjå kva me skal gjera vidare, seier Sekse.

Det har dei siste dagane vore ledebil gjennom området. Etter klokka 15 torsdag blir det fri ferdsel.

Artikkeltags