Statens vegvesen må gi alternativ til reduksjon av trafikkstasjonar

Eitrheim: Odda Trafikkstasjon er i en ny rapport foreslått omgjort til servicekontor. Det er fortsatt uklart hva det begrepet innebærer.foto: Ernst Olsen

Eitrheim: Odda Trafikkstasjon er i en ny rapport foreslått omgjort til servicekontor. Det er fortsatt uklart hva det begrepet innebærer.foto: Ernst Olsen

Av

Regjeringa ønsker fleire forslag til alternative løysingar før dei tek avgjerda om å redusere talet på trafikkstasjonar.

DEL

I samband med reduksjonen av trafikkstasjonar i landet ønsker Samferdselsdepartementet no fleire forslag til å betre tenestetilbodet der reisevegen mellom trafikkstasjonane blir lang.

– For å halde ved like eit godt tilbod i heile landet treng vi fleire konkrete forslag for korleis innbyggjarane skal få eit best mogleg tilbod, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Departementet har bedt Statens vegvesen vurdere fleire område før regjeringa tek avgjerda, mellom anna eit reisande tilbod til dei som skal avleggje praktisk førarprøve.

– Det er viktig å gjere grundige vurderingar av konsekvensar for innbyggjarane før det blir teke ei avgjerd i saka. Vi ønsker derfor at Statens vegvesen gjer ytterlegare vurderingar og forslag til avbøtande tiltak som grunnlag for ei slik avgjerd, seier han.

Artikkeltags