Vegvesenet bruker klimavennleg asfalt for å nå klimamål

Oslo  20160520.
En rekke forbedringer er gjort i Smestadtunnelen som gjenåpner søndag. Ny asfalt er lagt i begge løp og store vidter sørger for bra ventilasjon i tunnelen.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Oslo 20160520. En rekke forbedringer er gjort i Smestadtunnelen som gjenåpner søndag. Ny asfalt er lagt i begge løp og store vidter sørger for bra ventilasjon i tunnelen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Av

Når 3.000 tonn ny asfalt blir lagt på norske vegar i år, er 45 prosent gjenbruk. Det skal bidra til at Statens vegvesen når eitt av klimamåla sine for 2030.

DEL

Vegvesenet har som mål å halvere CO2-utslepp frå drift og vedlikehald innan 2030, skriv Nationen.

– For første gong speler CO2-utslepp ei avgjerande rolle for kva for ein entreprenør som vinn anbodet om asfaltkontraktane, seier seksjonsleiar Thor Asbjørn Lunaas i Statens vegvesen Region midt.

Vegvesenet har inngått 71 kontraktar til ein samla verdi av 2,9 milliardar kroner for asfaltlegging i år, fordelt på 800 kilometer på riksvegane og 2.200 kilometer på fylkesvegane.

– Nokre av tiltaka for å redusere CO2-utslepp er å produsere asfalten ved lågare temperatur, meir klimavennlege fyringsmetodar ved asfaltproduksjon og gjenbruk av asfalt, seier Lunaas.

Artikkeltags