I 2022 blir utsleppa frå ferjeflåten halvert

Eit verkemiddel fram mot ein grønare skipsfart i Noreg har vore strenge miljøkrav i anboda på ferjestrekningane.

Eit verkemiddel fram mot ein grønare skipsfart i Noreg har vore strenge miljøkrav i anboda på ferjestrekningane.

Av

Strenge anbod på ferjekontraktar har gitt ei bølgje av elektrifisering av ferjer. Innan 2022 skal 70 batteridrivne ferjer setjast i drift. Kva kan ein læra av den stille revolusjonen i norske fjordar, og kvar går vegen vidare, spør Zerokonferansen 2018.

DEL

Onsdag og torsdag møtest 1.300 fagfolk, politikarar og næringslivsaktørar for å diskutera klimaløysingar. Eitt av spørsmåla er korleis ein kan bruke kunnskapen frå det som blir kalla ein ferjerevolusjon i andre delar av den maritime næringa.

– Målet er å visa fram dei mange utsleppsfrie maritime løysingane som er utvikla i Noreg, seier teknologiansvarleg Maris Gjerset i miljøstiftinga Zero.

Eit verkemiddel fram mot ein grønare skipsfart i Noreg har vore strenge miljøkrav i anboda på ferjestrekningane.

– Med Statens vegvesen i spissen har me fått til ein aldri så liten ferjerevolusjon i Noreg. Det har igjen resultert i at Siemens investerte i ein batterifabrikk i Trondheim, seier Gjerset.

Ved hjelp av gode politiske vedtak og ein framtidsretta bransje banar Noreg veg for nye nullutsleppsløysingar i maritim sektor. Eit døme er ferja Ampere som trafikkerer Sognefjorden. Den blei bygd i 2014 og var den første heilelektriske ferja i verda. Norled vann ferjeanbodet fordi dei satsa på ei nullutsleppsferje. Vegdirektoratet sette strenge miljøkrav som ein føresetnad i anbodet.

Same år vedtok Stortinget strengare miljøkrav for nye ferjer. Edvard Sandvik, leiar av ferjeteamet i Statens vegvesen, seier dei tok det som ei rettesnor for arbeidet vidare.

– Med det stortingsvedtaket har me vore klare på den retninga me vil gå. At Møre og Romsdal, Hordaland og Trøndelag fylkeskommunar har gjort det same på ferjesambanda dei har ansvar for, har bidratt til suksessen, seier Sandvik.

Utviklingskontraktane til Statens vegvesen har gitt resultat. Innan 2022 skal 70 ferjer av ein flåte på 200 vere heilt eller delvis elektriske. Dei fleste av desse får straum frå land.

Det er mykje å lære frå det som er gjort, meiner Sandvik i Vegvesenet, sjølv om ferjene har eit rart driftsmønster samanlikna med andre aktørar i den maritime næringa.

– Det å få opp volumet på produksjonen av maritime batteri har gitt ein lågare pris, seier Sandvik. Han peikar på at det å få ut potensialet i hybriddrifta mellom dieselgeneratoren og batteria på ferjene, har stor overføringsverdi til fiskebåtar, hurtigbåtar og offshorefartøy.

Han konkluderer med at offentleg innkjøpsmakt kan gi ei grønare maritim næring.

– I 2022 blir utsleppa frå ferjeflåten halvert, seier Sandvik. Han innrømmer at utsleppsreduksjonen i Noreg i det store bildet ikkje er så stor, men viser til at fleire land no innfører elektriske ferjer ved hjelp av norsk industri.

Artikkeltags