No er det full kapasitet mellom Kvanndal og Utne

Ferjesambandet har hatt redusert kapasitet sidan måndag då B-ferja vart teken ut av drift.

Ferjesambandet har hatt redusert kapasitet sidan måndag då B-ferja vart teken ut av drift. Foto:

Fredag vart B-ferja sett inn att i trafikk mellom Kvanndal og Utne.

DEL

Det opplyser Statens vegvesen, ifølge avisa Hordaland

Ferjesambandet har hatt redusert kapasitet sidan måndag då B-ferja vart teken ut av drift. Dermed gjekk talet på turar ned frå to i timen til éin tur i timen.

Det er tekniske problem som har vore årsaka til at B-ferja Fitjar har vore ute av drift no midt i sommartrafikken.

I mellomtida har MF Utne vore åleine om ta seg av trafikken denne veka. Med to ferjer, vert det no avgangar om lag kvar halvtime.

I sambandet mellom Kinsarvik og Utne er det framleis redusert kapasitet på grunn av tekniske problem.

Ferjesambandet vert no trafikert med ei mindre ferje, og det vil halda fram inntil vidare, opplyser Vegvesenet

Artikkeltags