Alle bilferjer skal bli elektriske innan 2025

Boreal har tinga ny batteriferie som skal setjast inn på ferjesambandet Kvanndal-Utne i Hardangerfjorden frå 2020. Illustrasjon: Multi Maritime

Boreal har tinga ny batteriferie som skal setjast inn på ferjesambandet Kvanndal-Utne i Hardangerfjorden frå 2020. Illustrasjon: Multi Maritime Foto:

Av

Regjeringa vil ha slutt på diesel-stank og støyande ferjer. Innan 2025 skal alle bilferjer gå på straum, og fleire ferjereiarlag er på god veg til å nå målet.

DEL

Før påske skal regjeringa legge fram ein handlingsplan for grøn skipsfart, og der blir også ferjer og skyssbåtar nemnde.

– Det er eit mål å elektrifisere heile ferjesektoren innan 2025, seier statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet til NRK.

Totalt er det 130 ferjesamband med til saman rundt 200 ferjer i Noreg, ifølgje NRK.

– Oversikta vår viser at over 70 ferjer kjem til å ha batteri installert innan utgangen av 2021, seier avdelingsdirektør Edvard Sandvik i Vegdirektoratet.

Dei store reiarlaga satsar no milliardar av kroner for å gjere ferjene sine meir miljøvennlege.

Fjord1 har åtte hybridferjer i dag, to ferjer er heilelektriske.

– Over ein toårsperiode skal vi ha til saman 32 elferjer i drift. 27 av desse blir nybygde ferjer og fem ombygde, seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1.

Også Norled investerer i nye ferjer. I 2015 sjøsette dei den første heilelektriske ferja i verda, MF Ampere, og no har dei åtte elektriske ferjer. i tillegg kjem det 18 nye batteriferjer til i åra som kjem.

(©NPK)

Artikkeltags