Salet av raudt kjøtt går ned

Illustrasjonsfoto Foto: Mette Bleken
Tal frå Nortura viser at engrossalet av raudt kjøtt går ned for andre året på rad.
I fjor var engrossalet av raudt kjøtt ifølgje Nortura på 256.300 tonn. Det er 4500 tonn (1,7 prosent) mindre enn året før, skriv Nationen. I 2018 var nedgangen på 5000 tonn (1,9 prosent).
Fordelt per innbyggjar gjekk forbruket av raudt kjøtt gjekk ned med 1,1 kilo i 2019.
– På lam var det ein kort sesong og kjedene hadde litt mindre kampanjar i haust. Elles kan det jo vere at det er ein trend med litt redusert forbruk av raudt kjøtt. Det har vore ein auke i forbruket av kjøtt i mange år, men så har det gått litt ned i det siste, seier Leif Sørensen, prognosesjef i Nortura, til Nationen.
Målt i tonn er nedgangen størst på svin, medan i prosent er nedgangen størst på sauer og lam.
Nortura understrekar at dette er førebelse tal, som ikkje inkluderer kjøtt som bonden har fått i retur for eige forbruk, såkalla returslakt. Elles skal tala gjelde alt sal på engrosnivå.
Samstundes som engrossalet gjekk ned, var det eit endå større fall i produksjonen av raudt kjøtt i fjor. Nortura melder også at reguleringslagera med raudt kjøtt minkar.
Kommentarer til denne saken