– Eg har i alle år hjelpt barnefamiliar med klede og alt ein familie treng, inkludert julegåver. Til no i år har eg hjelpt 37 born, fortel Monica Medhus.

Oddingen har i fleire år arbeidd med å samle inn julegåver til familiar som har spurt om julehjelp, og i år er det ekstra mange som treng ei hjelpande hand. Medhus bidreg sjølv til arbeidet, og er takksam frå støtta frå Europris i Odda.

– Eg har fått fleire på lista, så eg håpar no at nokon vil ta kontakt med ønskje om å bidra til å gleda born til jul slik at dei får gåver under juletreet, oppmodar 33-åringen.

Ho har ei lista med alder på dei som treng hjelp, og oppmodar folk til å kontakta ho på Facebook.