– Det har vore ei trafikkulykke i Utneområdet. Ein bil er involvert, opplyste operatør ved 110-sentralen i Hordaland, Håkon Myking til HF fem over eitt tysdag.
Brann, helse og politi rykka ut til staden.
Operasjonssentralen ved Vest politidistrikt opplyser seinare til Hardanger Folkeblad at sjåføren truleg har fått eit illebefinnande og at det ikkje har vore eit uhell.
Det vart utført livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda.
Pårørande er varsla.
Fylkesvegen var ein periode stengt i begge retninger etter hendinga.
Kommentarer til denne saken