Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune gjorde framlegg om å lyfta saka frå melding til politisk sak i samferdsleutvalet sitt møte denne veka.


Skyss sine varsla ruteendringar på sambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik, vekte sterke reaksjonar i indre strok av fylket. Hardingen skal flyttast til teneste i ytre strok og vert erstatta av ein ny og mindre ferje. Den skal berre trafikkera Utne-Kvanndal. Sambandet Utne-Kinsarvik skal trafikkerast av ferja som no går – etter framlegg med færre avgangar.

Les og: Trur Skyss har forstått heradet

Ein delegasjon frå Ullensvang, med ordførar og rådmann i spissen, møtte nyleg representantar frå Skyss og la fram synspunkt og argument.


Etter møtet i Bergen sa Borge til HF at ho meinte Skyss no hadde fått forståing for konsekvensane av framlegget.


Bergensmøtet har resultert i eit revidert framlegg.


– Det skal me sjå nærare på og gje innspel til politikarane. Me kan ikkje akseptera at internsambandet vert strupt, seier Borge.
 

Samferdsleutvalet har møte 13. mai.