Klare for krafttak mot kreft

F.v: Mari Børve, Lasse Tverdal og Lars Høyland Opedal.

F.v: Mari Børve, Lasse Tverdal og Lars Høyland Opedal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag er det klart for russen sin årlege innsamlingsaksjon.

DEL

Målet med årets krafttak mot kreft er å gi pasientar med uhelbredeleg kreft fleire gode år med best mogleg livskvalitet. Dette er eit bodskap russen stiller seg bak.

– Alle er berørt eller kjenner nokon som er berørt av kreft. Å bidra til at ein får meir pengar til å forska på det er viktig, seier Mari Børve.

Russen kjem til å gå frå dør til dør i heile Odda kommune førstkomande torsdag, 9. mars. I år er det heller inga unnskulding å ikkje ha kontantar, for innsamlingsaksjonen er også på Vipps.

– Det er givande å gjere noko som er litt større enn ein sjølv og russetilværelsen, seier Lasse Tverdal.

Målet er å samla inn mest mogleg, men dei håpar å slå fjoråret då russen tente inn om lag 123.000 roner.

– Me håpar folk har lyst til å gi, seier russepresident Lars Høyland Opedal.

Artikkeltags