Kor var du då Oddvar Brå besøkte Røldal?

Bok om skilegenda: Omslaget på boka til Thor Gotaas. Foto: Gyldendal

Bok om skilegenda: Omslaget på boka til Thor Gotaas. Foto: Gyldendal

Det spørsmålet vil nok mange røldølar stilla seg etter føredraget med skilegende Oddvar Brå og forfattar Thor Gotaas førstkomande søndag.

DEL

Arrangementet vil finne stad på Røldalsgarasjen søndag ettermiddag, og er i regi av Røldal IL i samarbeid med kulturetaten i Odda kommune.

– Eg håper både røldølar, oddingar, hyttefolk og andre tilreisande vil kjenna si gjestingstid og ta turen til Røldalsgarasjen for å høyra om livet til Oddvar Brå, seier Lars O. Seim, leiar i skigruppa til Røldal IL.

Han seier Brå og Gotaas vil ha ein samtale på scena, og kan opplysa at føredraget også vil innehalda ulike filmklipp.

– På slutten vil det heilt sikkert verta opna for spørsmål frå salen. Dei som tek turen vil ikkje berre få høyre skihistorie, men òg Noregshistorie, uttalar Seim.

Oddvar Brå, som brakk skistaven i Holmenkollen under stafetten i VM 1982, treng ingen nærare presentasjon.

– Brå var kanskje den aller første som gav avkall på utdanning og tradisjonelt tilleggsarbeid, som til dømes skogsjobbing, slik at han kunne gå «all in» på langrenn, seier Seim, og strekar under at Brå var ein langt større skiløpar enn det medaljefangsten i OL og VM viser.

Forfattar Gotaas gav ut boka «Oddvar Brå – Et skiløperliv» i 2018, og har i alt skrive 31 bøker – mellom andre «Taterne» (2000), «På loffen» (2001), «Femmila – Skisportens manndomsprøve (2013) og «Før og etter Wirkola» (2017). Han er òg kjent som folkeminnegranskar.

«Det er historien om Oddvar Brå, mannen som gikk på ski inn i den norske folkesjela», skriv Gyldendal forlag bak på omslaget av boka.

Artikkeltags