VM-dag i Røldal: gull verdt og viktig for trivsel

28. februar 2019, kl. 14:54

Onsdag denne veka arrangerte Røldal oppvekstsenter VM-dag for store og små, noko som er årets høgdepunkt for borna i bygda. Dagen starta med fanfare, flaggheising og tenning av VM-fakkel ved elevrådsleiaren. Heile skulen er delt inn i ulike land med åtte elevar på kvart land/lag. Dei har førebudd seg med kostymer og laga eigne heiarop dei siste dagane. Store og små elevar samarbeida heile dagen i tevling og leik; aking på ufo, krabbing og potetløp, erteposestafett på ski, skiskyting, langrennsstafett, snøfotball og «kven kan byggja den høgste snøfiguren på tjue minutter?» Slike dagar er gull verdt og viktig for trivsel og læring ved skulen.