Røldalsmarknaden presenterer «Talkshow med Oddbjørn Lynghammar»

Marknadsplassen: Fra Røldalsmarknaden 2017.

Marknadsplassen: Fra Røldalsmarknaden 2017.

Artikkelen er over 2 år gammel

Det nærmar seg Røldalsmarknaden og som vanleg vert det mange utstillarar i Røldal.

DEL

– Me er fullbooka med rundt 100 utstillarar, fortel marknadssjef Vidar Lund.

I år kjem det også ei nyvinning på programmet, nemleg «Talkshow med Oddbjørn Lynghammar».

– Oddbjørn Lynghammar styrer ein samtale med interessante personar frå Røldal. Med seg i sofaen har mellom anna politisjef i Oslo og utflytta Røldøl, Grete Lien Metlid som er svært mykje i media, innflyttar frå Estland, Kati Must Nybø, som no er bonde på Lono, André Botnen, som er dagleg leiar i Håradalen utvikling, og Knut Oppistov, odelsguten frå Røldal som vart kaptein, fortel Lund.

Straks etter talkshowet er det duka for «Kjellen frå Klypa» show. På kvelden står bandet Rotlaus på scena på Røldalsgarasjen.

– Det har vore veldig god pågang av utstillarar, så det blir ein fin marknad med mykje kjekt å handla på marknadsplassen både laurdag og søndag, lovar Lund.

Artikkeltags