I 2017-utgåve av Røldal Freeride Challenge var vêrgudane på lag, publikum strøymde til og laga fest i bakken.

Frå den stupbratte fjellsida kom det mykje spektakulær køyring.

Laurdag fekk alle påmeldte finaleplass.

17 år gamle Synnøve Medhus og 17 år gamle Kamilla Bratteteig, begge frå Røldal, fekk sin debut i seniorklassen.

Begge kom seg ned den bratte fjellsida like heile. Medhus så fint at det rakk til ein tredjeplass, Bratteteig vart av dommarane plassert på ein 7. plass.

I herreklassen var Cato Lægreid frå Odda best av dei lokale deltakarane med ein 9. plass.

Ifølgje løpsleiar Erik Sondre Husby, legg dommarane spesielt vekt på kontroll og linjeval, og det å køyra etter eigne evner.

- Arrangementet har gått smertefritt, sjølv om nokre har fått seg nokre småmellar, var det ingen store uhell, seier pressekontakt Asmund Furholt Fedje laurdag kveld, like før resultatlista vert gjort kjend.

Konkurransen kom først i gang klokka 13 laurdag, eit par timar etter annonsert start.

Rundt klokka 17 var alle deltakarane i mål.

Slik ser topp tre-lista ut i dei ulike dispiplinane:

Ski damer:

 1: Ida Hilde Gunleiksrud

 2: Nina Rusten

 3: Synnøve Medhus

Ski herrer:

 1: Eirik Schjølberg

 2: Øystein Aasheim

 3: Stinius Skjøtskift

Snowboard damer:

1: Manuela Mandl

2: Melissa Brandner

 3: Ingvild Nymoen

Showboard herrer:

1. Henrik Auestad

2: Roar Stormo

3: Leif-André Einevoldsen