- Eg er kjempeglad. Eg meiner dette er eit veldig bra prosjekt, seier Jorunn Monrad, som er byantikvar i Odda.

Den siste tida har HF sine lesarar kunna røysta på fem kandidatar til Odda kommune sin byggeskikkpris for 2015.

Les og: Dei nominerte.

Klokka 12 måndag var det klart at løa på Rabbe gard er vinnaren.  Prosjektet hadde då fått 37 prosent av røystene.

"Den er kreativ, nyskapende, den er godt tilpasset den gamle delen av bygningen og følger lokal byggeskikk uten å kopiere. Den bruker lokale materialer, og bidrar til ny bruk av gamle bygninger", kommenterer Monrad.

Ho legg til at alle kandidatane var gode, og hadde fortjent prisen.

Frå 1800-talet

Totalt 2065 røyster vart registrerte, og det nest mest populære bygget var Vikinghaug, som fekk 26 prosent av røystene.  Bygget i Hovden er eigd av Tove Hidle og Terje Gravdal.

Det er Nils Petter Rabbe som er byggherre for løa på Rabbe gard i Røldal. Arkitekten er Åsmund Vaa/Ihuga arkitekter.

HF har tidlegare skrive følgjande om prosjektet:

Løa på Rabbe gard er frå siste halvdel av 1800-talet, eit typisk døme på lokal byggeskikk. Den har torvtak og umalt ståande kledning, og ein flott grunnmur bygd av store steinar.

Prosjektet er forma i dialog mellom arkitekt og byggherre. Dei har diskutert mange ulike løysningar, men heile tida vore einige om at til trass for at løa er både skeiv, gammal og verneverdig, må det vera mogleg å bruka den til noko i 2015.

Arkitekten meiner det var utfordrande å koordinera eit uttrykk på ein bygning som har store nok vindauge og moderne, tjukke veggar saman med eit gammalt og luftig låvebygg med gluggar. Ei bueining er plassert vest i løa i form av tilbygg og ombygging av høytørke og møkakjellar. Slik fekk ein tatt vare på mykje av den gamle løa, både eksteriør og interiør, i midten av bygget. Det er framleis rom for løefest. Men dei opphavlege romma er ramma inn av ein bustad i vest og gjesterom i aust.

Løa syner at gamle bygninger kan få nytt liv og samtidig halda på sin eigenart. Gode, kreative løysningar som denne, kan gi inspirasjon til at fleire gamle bygninger vert tatt vare på. Tilbygget er tidsmessig, men følgjer samtidig lokal byggeskikk.